






For alle lokalsamfunn finst det rom for handling og utvikling. Sokndal er eit godt døme på korleis det rommet kan verta nytta. Den vesle, men vitale kommunen i Rogaland syner i praksis det vi i regjeringa skriv om i stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken. Meldinga kom i vår. Ho har ikkje prega den nasjonale dagsorden.
Men ho har faktisk vore mykje debattert og omtalt rundt omkring i Noreg. Distrikts- og regionalpolitikk engasjerer. Hovudmålet i meldinga er at alle skal ha reell fridom til å busetja seg der dei ønskjer. Difor kalla vi meldinga Lokal vekstkraft og framtidstru. Det gjorde vi fordi vi ønskjer å leggja til rette for å nytta det lokale handlingsrommet. Vekstkrafta må koma nedanfrå! Det er denne krafta vi finn i Sokndal, og i også andre lokalsamfunn i fylket vårt.
Kommunal- og regionaldepartementet sine heimesider.Kommunal- og regionaldepartementet sine heimesider.
Publisert 19. juni 2009
© Cittaslow Norden